Mjelde si første trening

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Mons Ivar Mjelde har hatt si første trening med A-laget til Valestrand Hjellvik, og stemninga var humørfyllt i tordenveret på Furubakken måndag kveld. Lengre ned i artikkelen kan du sjå video frå treninga.

WEB-TV: Video frå Mjeldes første trening


Avtroppande trenar Jo Solberg var også tilstades under treninga, og replikkane sat laust over treningsfeltet på Furubakken. Mons Ivar viste at han også har snakketøyet i orden, og latterkulene rulla mellom spelarane og andre frammøtte.

Den nye trenaren starta med å prata litt til spelargruppa om korleis han ser for seg treningane framover, og kva som er spelarane sine oppgåver. Det oste profesjonalitet av den meritterte og jordnære hausingen, og han fann raskt tonen med ei lydhør spelargruppe.  Både formann Ove Håland og klubben si sportslege leiing stod spente og tydeleg fornøyde på sidelinja og såg på saman med gamletrenar Solberg.

Litt forsiktige var nok spelarane i starten, og dei famla litt på nokre nye og uvante øvelsar. Men etter kort tid sat pasningane der dei skulle, og Monsamjelden kom straks med positive tilbakemeldingar.

Også Jonas Hauge var tilstades på treninga, og VTV fekk ein liten prat med den uheldige angriparen som fekk eit ublidt møte med asfalten i sluttminuttane mot Os i helga. Sjølv om ansiktet har fått hard medfart, er Jonas på føtene att, og meiner sjølv han er klar til neste kamp.

Laurdag spelar Valestrand Hjellvik bortekamp mot Åkra på Karmøy, og det vert første kamp med Mjelde på lagleiarbenken. Supporterane reiser nok også ein bataljon sørover til nabofylket for å støtta laget inn i neste kapittel av klubbhistoria, som no nettopp har starta...