Motstandarane klare

Hordaland Fotballkrets satte i dag opp avdelingane for neste års 4. divisjon. Valestrand Hjellvik havna i avd. 2 og blir å rekna som ein av favorittane til å erobra tabelltoppen når status skal gjerast opp neste høst. Det blir nye møter med bla. Loddefjord og NBK. Det er duka for ein del artige oppgjer for spelarar og supportera neste sesong.

 VHFK kan vel vera nøgde med oppsettet. Hadde vore kjekt med lokalderby mot Hovding, men med tanke på opprykksmulighetar var det nok godt å sleppa detta laget som blir storfavorittar i avd. 1.


Det blir 13 lag i kvar avdeling. Brann 3 har meldt på lag og får lov å starta på dette nivået.

Åsane 2 rykka ned frå 3. divisjon,  men trekker laget og Gneist har takka ja til denne plassen.

Begge desse laga blir å finna i VH sin avdeling.


Avdeling 1:

Askøy (ned fra 3. divisjon)

Fyllingsdalen 3 (tidligere Løv Ham 2, ned fra 3. divisjon),

Baune : Nr. 3 i avd. 1

Djerv : Nr. 9 i avd. 2

Follese: Nr. 8 i avd. 1

Hovding : Nr. 2 i avd. 2. Tapte kvalik-kampen til 3. div mot Radøy Manger

Odda :Nr. 5 i avd 2

Smørås : Nr. 4 i avd. 1

Trio : Nr. 10 i avd. 2

Vadmyra : Nr. 8 i avd. 2

Solid (opp fra 5. divisjon) Nr. 2 i årets 5. div

Norges Handelsh. : (opp fra 5. divisjon) Nr 1 i 5. div

Nymark(opp fra 5. divisjon) Nr 1 i 5. div


Avdeling 2:

Brann 3 (nytt lag)

Valestrand Hjellvik (ned fra 3. divisjon). Skal rett opp igjen!

Frøya : Havna tilslutt på 4. plass i årets sesong, plassen bak Sandviken. Blir nok på øvre halvdel også neste sesong.

Gneist : Var klar for 5. divisjon, men vart redda då Åsane 2 valgte å trekka laget. Nr. 9 i årets 4. divisjon avd. 1.

Hald : Nr. 5 i årets 4. divisjon avdeling 1. Langt unna kvalik-plass i år

Laksevåg : 7 plass i pulja til Sandviken, Frøya og Lyngbø i år.

Loddefjord : Nr. 6 i årets 4. divisjon avdeling 1. Ein svært skuffande sesong for Loddefjord.

Lyngbø : 6. plass i pulja til Sandviken, Frøya og Laksevåg i år.

Nordhordland : Nr. 7 i årets 4. divisjon avdeling 1. Ein svært skuffande sesong for NBK.

Sandviken :Nr. 3 i årets 4. divisjon og i siste serierunde hadde dei muligheten til å snyta Hovding for kvalik-plassen, men kampen endte 4-4 og Hovding fekk møta Radøy Manger i kvalik. Det gjekk heller dårleg. Sandviken blir nok eit av topplaga neste år.

Telavåg (opp fra 5. divisjon) Nr. 2 i årets 5. div. Avgjorde opprykket med uavgjort i siste runde. Hadde dei tapt denne hadde Ny Krohnborg knepe plassen.

Lysekloster (opp fra 5. divisjon) Suverene vinnarar av 5. divisjon i år. Tapte ingen kampar og hadde ein målforskjel på 129 - 14. Vann avdelingen med 20 poeng ned til Solid.

Dale (opp fra 5. divisjon) Nr. 2 bak NHH. Ein fantastisk sesong i 5. div. Har ei målmaskin på topp som VHFK burde snust meir på.