Ny keeper til VHFK

FURUBAKKEN, VALESTRAND: På kveldens A-trening var det ein ny mann mellom stengene. Vossingen Øystein Ygre Skorve er klar for VHFK, og kan få sin debut mot Stord på laurdag.

Dei som var på Prestegardsmoen og såg oppgjeret mellom Voss 2 og VHFK ein maidag i fjor, vil nikka gjenkjennande til den nye keeperen. I den kampen dreiv han VHFK-angriparane til vanvidd med den eine kanonredninga etter den andre. Ikkje ein gong frå 11-metersmerket klarte dei å overlista Vosskeeperen, som mot slutten av kampen likevel måtte kapitulera.

Øystein Ygre Skorve har i fleire år vore andrekeeper i Voss, og studerer no i Bergen. Kva er då meir naturleg enn å reisa til Valestrand for å spela 3. divisjonsfotball. 25-åringen er glad for sjansen han får i VHFK:
-Eg har fått ei fantastisk mottaking frå guttane på laget, og ser fram til å spele for Valestrand, sa han då vi møtte han etter kveldens trening.
Den sympatiske vossingen har også klare mål for sesongen. -For meg er det viktigast å få spele 3. divisjonsfotball, og at Valestrand Hjellvik bergar plassen sier han før han spring i dusjen.

Eit anna lyspunkt på kveldens trening var å endeleg sjå Are Bryhn tilbake i full trening. Ballkunstnaren frå Molde har vore ute sidan seriestarten mot Haugesund, og ser no ut til å vera på veg tilbake etter lang tid med skade.

Furubakkenpublikummet bør også gleda seg til laurdagens heimekamp mot Stord. Då debuterer nysignerte Magnus Garden på Furubakken, og rapportane frå kampen mot Skjold fortel om ein ny publikumsyndling. Formann Håland set Gardens kvalitetar litt i perspektiv: -Tek du det beste frå Thierry og Sleggjo, får du Magnus Garden. Berre at Garden er endå betre, flirte ein smørblid formann under kveldens trening på Furubakken.