Ny VHFK-trenar klar

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Tidlegare Austevolltrenar Øyvind Pedersen (bildet) er mannen som skal leia Valestrand Hjellvik mot fornya kontrakt i 3. divisjon. Han vert dermed den tredje VH-trenaren denne sesongen, og har si første økt med spelarane på Furubakken i morgon.


Øyvind Pedersen har vore trenar for divisjonskollega Bjarg denne sesongen, men sa nyleg takk for seg i klubben frå Rådalen.No tek han over Valestrand Hjellvik, og det er i første omgang ut sesongen det er snakk om.
-Vi har ikkje tenkt lenger fram enn ut denne sesongen foreløpig, men er svært glade for å få Øyvind til klubben, seier ein letta formann Ove Håland i ein kommentar.

Formannen legg til at gamletrenar Jo Solberg har vore med og hjelpt VHFK med denne signeringa.
-Joen har gjort ein kjempejobb for å få dette i havn, og fortener stor takk for at me no får ein så merittert trenar med vidare, sa Håland etter signeringsmøtet på Furubakken i kveld.

Øyvind Pedersen har også tidlegare vore trenar i Askøy, men VHFK-supporterane huskar han nok best som Austevolltrenar då VH for to år sidan knytta sterke band til oransjetrøyene i opprykkskampane mot Os.

Vi kjem tilbake med meir etter måndagstreninga.