Nytt trenarteam på plass

FURUBAKKEN/VALESTRAND: Thomas Tennebø (bildet) vert ny hovedtrenar for Valestrand Hjellvik sitt A-lag neste sesong. Han får med seg Nilson Viegas som assistenttrenar. Dermed er viktige brikker allerede på plass for VHFK framfor ein ny viktig sesong.

Thomas Tennebø spelte for Årstad og Fana før han vart henta til engelske Hartlepool United i 1999. Han fekk 13 kampar for Hartlepool før eit beinbrot øydela den vidare proffkarriera. Etter først å ha bestemt seg for å leggje opp valde han så å fortsetta i Fana, og spelte også seinare for Løv-Ham.
Tennebø tok over som spelande hovedtrener for Årstad  i 2008. Året etter tok han over som trenar i Baune. No er han klar som ny hovedtrenar i Valestrand Hjellvik.


VHFK-formann Ove Håland er svært glad for å ha sikra seg desse to før neste sesong.

-Vi er svært fornøyde med å ha knytta til oss desse to kapasitetane som begge har vore ettertrakta i markedet, seier Håland i ein kommentar i kveld.


Vi kjem tilbake med meir om det nye trenarteamet snart...