Sesongstart

Det er klart for sesongstart i 3. divisjon denne helga og VH møter Haugesund 2 på Furubakken mandag kl. 1900. Det blir spennande å sjå om Joens menn har rista av seg skuffelsen etter cuptapet mot Varegg og er klar til ny innsats mot reservane til overraskelseslaget i tippeligaen i fjor.

Det er usikkert om Alexander Lenning startar kampen mot Haugesund 2. Han pådro seg ein strekk i cupkampen og er mest sansynleg ute av spel nokre veker. Øyvind Thomassen stod over kampen mot Varegg, men er nok med i serieåpninga. Kalle Fiskå fekk raudt kort i NM og må sona karantene.

Skjold møtte Åkra fredagskveld og med ti mann på bana klarte heimelaget å snu 2-3 til 4-3 i sluttminuttane i ein dramatisk kamp på Grinde stadion. Christian Askeland fekk det raude kortet mot slutten av første omgang etter å ha fellt siste mann.
Det var ein jevnspelt kamp, men Skjold kunne altså innkassera årets første trepoengar i lokaloppgjeret på Haugalandet.

Her er resten av runden med tippetips.

08-04: 18:00Skjold - Åkra4 - 3Hjemmeseier
09-04- 16:00Askøy - Djerv 1919 2 - 0
Vi trur på ein jevn kamp med knepen seier til Askøy
09-04-16:00Sotra - Fyllingen 0 - 3
To lag med ambisjonar om å ligga i toppen. Dette tar Fyllingen.
09-04-16:00Kopervik - Øystese 0 - 0
Kopervik ned frå 2. div. Øystese imponerte i fjor. Sikker H!
09-04-16:00Stord - Os 3 -2
To lag som kom ned frå 2. div. Jevnt.
11-04-19:00Staal Jørpeland - Brann 2 H
Staal imponerte i cupen og dette blir enveiskjøring.
11-04-19:00Valestrand Hjellvik - Haugesund 2 U
Mye usikkerhet rundt hjemmelaget. Årets første på Furubakken kan gi poeng.