Sjå han syklar

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Ein ny mann viser musklane på Furubakken, om enn i litt anna omfang og andre positurar enn Joen. Valestrand-TV var på Furubakken for å ta ein prat med nyetrenaren, og fann fleire intervjuobjekt og gode TV-bilder.

Sjå video frå måndagstreninga her
 
VHFK sin nysignerte spiss Magnus Garden var også på si første trening for klubben, og vi fekk ein liten prat med den tidlegare NHH-spelaren før han sprang i dusjen.

I tillegg var nytilsett trenar Øyvind Pedersen sjølvsagt i full sving med å kartlegga dei nye spelarane sine før neste kamp. Han hadde også med seg ein hjelpetrenar som viste seg å ha store kunnskapar om musklar og løpsteknikk. Thorleif Holme er eit unikum på desse felta, og vil nok innføra ein del nye treningsmetodar på Furubakkens grønne gras. Det var eit fantastisk syn å sjå heile a-stallen liggja på rygg og sykla i lause lufta.