Stem på Årets Mål

No kan du stemma på årets VH-scoring. Vi har plukka ut fem scoringar som er med i avstemninga om Årets Mål 2011, og fram mot Fotballfesten førstkommande laurdag kan du stemma på di favorittscoring. Klikk på linken i artikkelen og sjå scoringane før du avgir stemme oppe til venstre på sida.

WEB-TV: SJÅ SCORINGANE HER

Webredaksjonen har plukka ut fem flotte scoringar også denne sesongen, sjølv om det var færre å velja frå i år. Det har vore mange lange reiser, og VTV har ikkje fått filma alle kampane. Vi trur uansett at Årets Mål er blant desse fem kandidatane.

Du kan også vera med i avstemninga Folkets Pris 2011. Der stemmer du på den spelaren du meiner har vore den beste for VHFK denne sesongen. Spelarane som har spelt meir enn 5 seriekampar er med i avstemninga.