Stortap mot Staal

JØRPELAND STADION: Det vart eit rekordstort bortetap for Valestrand Hjellvik i dagens kamp mot Staal Jørpeland. 8 ballar måtte VH-keeper Birkeland henta ut av nettet, og når Øyvind Thomassen brenn eit straffespark vert det lite mål i andre enden. VHFK ligg no nederst på tabellen utan poeng, men no startar poengsankinga framover...

Staal gjekk til pause med komfortable 3-0, og sjølv om gjestane fekk straffespark på stillinga 2-0 var det stort sett einvegskøyring frå heimelaget.

Etter pause scora Staal etter 57 og 58 minuttar, og då er det ikkje lett å reisa seg att for slitne VHFK-spelarar.

Sluttresultatet på 8-0 er tidenes største bortetap for VHFK.

Morten Frøland vart kåra til VHFK sin bestemann av vår jury på Jørpeland, og spelte dermed nok ein solid kamp for dei svartkvite.

VHFK stilte utan si største stjerne Are Bryhn, og mangla i tillegg Alexander Lenning, Tom Sivertsen og Mads Solberg. Håpet må vera å få alle desse klare til neste kamp heime mot Skjold.

VHFK stilte med dette laget mot Staal:

Kristian Birkeland
Kalle Fiskå
Torgeir Rud
Simen Kallekleiv
Joachim Solberg
Morten Frøland
Øyvind Thomassen
Kristoffer Bognøy
Pål Tufta
Magnus Opheim
Jonas Hauge

Trygve Nilsen inn for Kalle Fiskå
Thomas Røskeland inn for Jonas Hauge (80)