Strømland klar for VH

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Valestrand Hjellvik har signert ei ny solid forsterkning før sesonginnspurten i 3. divisjon. Are Strømland er midtstoppar, og spelte for Mandalskameratene i fjor.Etter ein tur innom Åsane er han no klar for VHFK og Furubakken.

Are Strømland er 21 år, og spelte for Mandalskameratene frå 2008 til 2010. Denne sesongen har han spelt for Åsane, men er no altså klar for å hjelpa Valestrand Hjellvik til å berga plassen i 3. divisjon.
Med sine 189 cm satsar vi på at studenten kjem til å ruva i midtforsvaret til dei svarte og kvite resten av sesongen.

Spelarfakta:
Navn: Are Strømland
Fødd: 12.juli 1990
Høgde: 189 cm
Vekt: 81 kg
Yrke: Student
Posisjon: Midtstoppar
Favorittlag i England: Manchester United
Tidlegare klubbar: Flekkefjord, Lister, Mandalskameratene, Åsane Fotball

Formann Ove Håland har vore svært aktiv på spelarmarknaden dei siste vekene, og var storfornøyd med den ferske signeringa då vi snakka med han i dag. -Det ser veldig bra ut no. Vi har styrka laget og stallen kraftig i løpet av ferien, og nytt trenarteam er i full gang, var formannsn sin glade kommentar.

Vi kjem snart tilbake med nærare presentasjonar av dei nyaste ansikta på Furubakken.