Tam forestilling endte med tap

VHFK tapte 2-1 for eit revansjesugent Øystese-lag i går. På stillinga 1-1, 7-8 minutt før slutt, kom Magnus Opheim seg fri og skaut fart mot mål, men i skuddøyeblikket vart han tackla bakfra av Gunnar Loland. Øystese-spelaren vart sendt i dusjen med direkte rødt, men han redda sansynligvis alle tre poenga for laget sitt med den usportslege oppførselen. Med 10 mann på bana utnytta bortelaget ein glipp i bortelagets bakre rekker og Eivind Madsen Skeie satte inn seiersmålet fra 40 meter.

Tom Sivertsen scora VHFK sitt einaste mål i gårsdagens kamp mot Øystese. Etter eit nydelig forarbeid av Kristoffer Bognøy satte Sivertsen inn returen frå keeper og utligning til 1-1. Han fekk seg desverre ein trøkk i scoringsøyeblikket og måtte forlata bana med skade like etterpå.
I tillegg måtte Karl Erik Fiskå kasta inn hånkledet før pause og dermed hadde  trenar Øyvind Pedersen kun eit bytte igjen til andre omgang.
-Det er svært uheldig for oss at Tom Sivertsen må ut etter scoringen. Der mister vi masse løpskapasitet som vi hadde hatt bruk for spesiellt i andre omgang, sa ein tydelig skuffa trenar etter kampen.

Øystein Ygre Skorve var tilbake mellom stengene og varta opp med fleire klasseredningar utover i kampen. Like før utvisningen hadde han to kanonredningar, men like etter utvisningen var han uheldig med ein klarering og Øystese-spelaren som fekk ballen i beina rundt midtstreken fekk kjempetreff og sendte ballen i det åpne buret frå vel 40 meter. Svært kjedelig for ein av VHFK sine beste spelarar i går.

Magnus Garden sto over kampen grunna strekken han fekk i kampen mot Kopervik forrige helg. Savnet av Garden på topp var stort. Angrepsspelet til VHFK i går var tamt og tannlaust. Det var ikkje berre spissane si skuld, for vi registrerte fleire gonger at når VH hadde kontringsmuligheter var det kun dei to på topp som gjekk i angrep mens dei 9 andre kom luffande etter i roleg Valestrandsmarka rundt tempo. Det såg ikkje ut til at vinnarviljen i laget var stort nok i går. Kanskje kunne dette skuldast litt for høge skuldrer og det heile vart litt krampeaktig.

No gjenstår det kun 4 kampar av årets serie og VH treng minimum to trepoengarar i dei kampane. Skjold ligg 5 poeng foran oss på tabellen og det ser ut til at det er dei vi må ha bak oss når serien er slutt hvis vi skal berge plassen. Skjold møter Øystese og Fyllingen på bortebane og det er lite truleg at dei tar poeng i dei kampane. På heimebane har Skjold igjen kampar mot Djerv 1919 og Os. Er vi heldige tar dei kun 1 poeng i desse kampane og då kan det holda med seks poeng for VH-gutta. Då vil begge laga ha lik poengsum og målforskjellen vil avgjera. I skrivande stund er Skjold seks mål bedre enn VH, men dette kan fort snu. Det går mot ein spennande innspurt, men VH er no nødt til å visa vilje til å overleva. Det er forsatt fullt mulig!


VHFK - Øystese LIVE frå 1600