Tap i avskjedskampen

Valestrand Hjellvik tapte 1-4 i Jo Solbergs avskjedskamp mot Os i dag. Etter ein jevspelt 1. omgang leda bortelaget 1-0 etter scoring på overtid. Tidleg i kampen hadde Trygve Nilssen ein stor mulighet til å gi VH ledelsen.

Sjå intervjuene etter kampen her...

I andre omgang scorte Os på sine sjanser, mens VH brente sine. Mot slutten satte Solberg inn trekløveret Magnus Opheim, Jonas Hauge og Kristoffer Bognøy. Då vart det meir fart på topp og ti minutt før slutt reduserte Bognøy til 1-3 på ein nydelig heading. 

Jonas Hauge fekk eit ublidt møte med asfalten rundt Furubakken då han gav alt i ein duell og vart liggande nede i fleire minuttar. Han traff asfalten med hovudet og fekk seg eit kraftig skrubbsår og muligens ein hjernerystelse.

På overtid fastsatte bortelaget sluttresultatet til 1-4. Eit flatterande resultat med tanke på sjanser og spel. VH vart muligens snytt for straffe eit par gonger i kampen.