Uavgjort mot Kopervik

FURUBAKKEN, VALESTRAND: Valestrand Hjellvik hadde full kontroll på gjestane frå Karmøy heilt til klokka tikka mot full tid. Då lempa Kopervik eit frispark inn i feltet, og ein utspelt Robert Eikeland i VH-buret måtte sjå ballen gå i nettet. Dermed stal gjestane med seg eitt poeng heim att til Karmøy. Sjå mål fra kampen under i artikkelen

Etter ein mållaus og jamnspelt førsteomgang, opna heimelaget best etter pause. Trygve Nilsen gjekk opp og førte laget i ledelse i det 51. minutt etter eit frispark.

Valestrand Hjellvik hadde full kontroll på etter kvart frustrerte Kopervikspelarar, og såg ut til å gå mot sin tredje strake trepoengar. Men heilt på tampen dømmer dommaren frispark til KIL ute ved sidelinja midt på VH sin halvdel. Publikum var i harnisk i den situasjonen, sidan Øyvind Thomassen var den som vart sparka ned. Dommaren skal ha dømt på ein mindre forseelse like før dette.

Frisparket vart lempa inn i feltet, og ballen gjekk i mål. Dermed vart det poengdeling på Furubakken. 

Mål fra kampen ser du her