VTV treng kamerafolk

Om drøye to månader sparkar VHFK i gang sin første 3. divisjonskamp mot FK Haugesund 2 på Furubakken. Klubben sin webredaksjon og TV-kanal har starta forberedelsane til ein historisk fotballsesong, og er no på jakt etter nye medarbeidarar. Webredaktør og VTV-sjef Steinar Vatle har meldt om at han må kutta ned på TV-arbeidet denne sesongen, og redaksjonen treng nye folk dersom det skal bli VTV-sendingar utover våren...

I fire sesongar har VTV dekka Valestrand Hjellvik sine 4. divisjonskampar, og eit aukande  internettpublikum har etter kvart blitt godt vande med Valestrand sin eigen tv-kanal. No har VTV-redaktøren gjeve signal om at han må trappa ned på dette arbeidet før kommande sesong.

-Det har gått med svært mykje tid til VTV dei siste sesongane, og no må eg prioritera familien litt framover, seier den avtroppande webredaktøren til vhfk.no. Han meiner VTV kan klara seg fint også denne sesongen dersom det melder seg eit par nye medarbeidarar til webredaksjonen.

-Det er i første omgang kamerafolk til å dekka kampane me treng, og det kan nesten kven som helst gjera etter litt opplæring, seier Steinar Vatle, og legg til at han vil vera med litt i kulissane i starten for å hjelpa eventuelt nye folk i gang.

-Det viktigaste er at VHFK sine kampar vert festa til film, slik at me kan fortsetta å sjå scoringane til Thomassen, Opheim, Bognøy og dei andre så mange gonger me vil. Derfor er det svært viktig at vi snarast får inn eit par kamerapersonar som kan fordela kampane mellom seg, seier VTV-sjefen.

Dersom du er interessert i å jobba med web-tv - eller du vil gjera ein innsats for VHFK, må du snarast skriva ein mail til Steinar Vatle (dualis@online.no) eller ta kontakt på tlf 95076362.