Årets første heimekamp

Valestrand Hjellvik møter Baune på Furubakken onsdag 22. februar kl. 1900. Gjestane spelar i 4. divisjon og hadde ein god sesong i fjor. Fleire av årets nye fjes på A-laget til VHFK var i Baune i fjor. Møt opp og få med deg heimedebuten til trenarar og fleire nykommarar i spelartroppen.

Dette er årets 3. treningskamp. VH slo Fyllingsdalen 2 (3.div) 4-3 i ein spennande kamp i Vestlandshallen og i laurdagens kamp mot Sotra (3. div) endte det uavgjort 3-3.
VHFK leda 3-1 i begge kampane og i kveld blir det spennande å sjå om trenarduoen har klart å tetta forsvaret.

Møt opp på Furubakken i kveld og få med deg årets første vårteikn!!!