Bortebragd av VHFK 2

EIVINDVIK/GULEN: VHFK 2 har med seg tre deilige bortepoeng heim att frå Eivindvik etter at dei banka serieleiar Gulen 5-1. Trenar Henrik Nygaard ser ut til å ha noko ekstraordinært på gang med årets 7. divisjonsgjeng.

KAMPFAKTA 7. DIV: AVD. 2

Gulen - VHFK2 1-5 (1-2)
Eivindvik Gras
Dommar: Svein Føllesdal, Åsane Fotball
Mål:
1-0
1-1 Jonas Hauge (22)
1-2 Jonas Hauge (str. 37)
1-3 Kristoffer Bognøy (60)
1-4 Emil Hosøy (69)
1-5 Magnus Opheim (81)

Det var heimelaget som scora først på ei tørr og ujamn grasbane i Eivindvik. Gjestane frå Valestrand sleit ei stund med det dårlege underlaget og dei sterke vindkasta, medan heimelaget såg ut til å trivast betre med det. Men etter halvspelt førsteomgang utlikna Jonas Hauge på eit volleyskudd. Eit lite kvarter seinare kunne same mann legga på til 2-1 for gjestane frå 11-metersmerket etter at spissmakker Magnus Opheim vart lagt ned i feltet. Dette resultatet stod seg også til pause.

I starten av andre omgang justerte trenar Nygaard litt på laget sitt. Gulen sin kaptein hadde fått briljera på midtbana, og var den som stod bak mykje av spelet til heimelaget. Kristoffer Bognøy vart plassert sentralt på midten for å ta Gulen-kapteinen litt ut av kampen. Dette såg ut til å hjelpa, og etter 60 minuttar var det nettopp Bognøy som lirka ballen i nettet til 3-1 etter ein corner. Etter denne scoringa tok heimelaget sin kaptein av bana, og dette skapte store rom for gjestane.

Minuttar seinare var det Emil Hosøy sin tur til å scora, og unggutten frå Vardalen kunne jubla for 4-1 etter eit flott langskudd. Ti minuttar før slutt fekk Magnus Opheim æra av å fastsetja sluttresultatet til 5-1. På svært frekt vis lurte han ballen frå ein Gulen-forsvarar på midtstreken, før han gjekk mot mål og scora enkelt.  Dermed vart dette ein jubeldag for Valestrand Hjellvik, og heimturen frå sognekommunen lett og fin for spelarane.

Trenar Henrik Nygaard er letta og glad etter bortebragda i Eivindvik, og ser no fram mot neste kamp, som er heime mot Stil neste helg. Han meiner dagens motstandar er mellom dei klart beste i denne divisjonen. -Gulen spelte bra fotball, og meistra i tillegg underlaget betre enn oss i starten. Dei heldt ballen over bakkenivå, men ikkje så høgt at vinden tok den, seier suksesstrenaren til vhfk.no.