Bygget reiser seg

FURUBAKKEN: Seint torsdag kveld er byggeleiaren optimsitisk med tanke på å verta ferdig med bunkerstaket før seriestarten laurdag. Fredag kveld kjem sperrene på plass.

-I dag er eg meir optimistisk når det gjeld ferdigstilling før kampen mot NBK, sa ein oppglødd Elvik då vi tok turen til Furubakken seint torsdag kveld. Men han heldt fast på reserveløysinga om å starta grytidleg laurdags morgon dersom det skulle verta nødvendig.

Fredag skal sperrene på plass, og då nærmar det seg ferdig tak på bunkersen.

Kristian Birkeland og Ole Karsten Solberg arbeider på spreng for å verta ferdige til seriestarten laurdag.


Eivind Martin Elvik gjer klar sperrene som skal spikrast på plass i løpet av fredagskvelden.


Arve Burkeland (t.h.) fungerte som pizzabud for dugnadsgjengen torsdag. Med utsikt mot A-laget si siste trening før seriestarten kunne dei ta seg ein velfortent matpause.