Cupfest på Furubakken

Andre påskedag vert det full fyr på Furubakken med tidenes første NM-kamp på Valestrand, og det mot gamle fotballfrendar. Gladlaksane frå Austevoll stod side om side med VH-supporterane og heia på same lag i 2009. No kjem dei oransje på besøk for å kjempa om billett til neste kvalikrunde i NM.

I 2009 kjempa Austevoll og Os om opprykk til 2. divisjon samstundes som Valestrand Hjellvik klamra seg til same opprykkshalmstrået. Dersom Austevoll slo Os i kvaliken til 2. div, ville VH knipa billetten opp til 3. divisjon frå Os 2 i same slengen.
Ein stor bataljon supporterar frå Valestrand reiste til Austevoll og Os for å sjå desse kampane, og to fantastiske og nervepirrande oppgjer samla oransje, svart og kvitt til eitt lag på tribuna.

Den 9. april er det svart og kvitt mot oransje på Furubakken, der vinnaren er eitt steg nærare cupfinale på Ullevaal i november. Taparen må konsentrera seg om seriestart og håpa på betre cup-lukke neste sesong.

Austevoll har bak seg ein minst like vanskeleg 2011-sesong som VHFK, og oransjetrøyene havna desidert sist på 2. divisjonstabellen etter opprykket året før. Austevoll og Valestrand Hjellvik rykka begge opp året etter at dei var akkurat like nær 2009-opprykk. Begge rykka også ned att i fjor. Dermed er det framleis ein divisjon som skil dei to klubbane.

Andre påskedag er det uansett sesongstart og cupfest på Furubakken. Det er berre til å kryssa av i kalenderen.