Dale fekk bank

FURUBAKKEN: Trenar Tennebø og elevane hans tok ei solid hevn for Dale sitt poengran i vårkampens sluttminuttar. Gjestane overrumpla VHFK med to mål i starten, men vart til slutt overkjørte av eit solid heimelag. To Dale-spelarar vart også sende i dusjen med raudt kort i andre omgang.

Dale starta friskt, og med ein god gjeng tilreisande, blåkledde supporterar i ryggen tok dei heimelaget på senga i starten. Anført av ein nokså solid tanksenter gjekk gjestane i føringa alt etter tre minuttar. Få minuttar seinare kan Andreas Erstad dobla leiinga etter ein corner.

Dette kunne kanskje vore nok til at kampen var over for heimelaget, men ikkje denne gongen. Eit raskt blikk på gjestane sin målprotokoll fortel oss at Dale slit bakover på bana. Før Furubakken-dysten hadde dei blåkledde henta heile 80 ballar ut or eige nett - noko som er klart mest i denne avdelinga.

Og verre skulle det verta for målprotokollen til våre naboar frå Dale. Jonas Hauge banka inn reduseringa før klokka passerte 10 minuttar, og Dale fekk knapt låna ballen før Simen Fjørtoft utlikna med ei flott heading. Like før hadde også Magnus Bru Reigstad ein kjempesjanse, men skotet hans enda i kroppen på keeper.

Like etter utlikninga hadde heimelaget ein ny kjempesjanse som burde gitt scoring, men ballen ville ikkje inn denne gongen. I staden viste Dalespiss Tysnes at han ikkje bør få lov til å motta ballen inne i boksen til motstandaren. Han fekk stå ganske åleine å ta ned ballen, og då låg ballen i nettet før VH-forsvaret rakk å reagera. Dermed er det gjestane som på ny leiar kampen, i det vi nærmar oss ein halvtimes spel på Furubakken.

To minuttar seinare får heimelaget straffespark, og Øyvind Thomassen bankar som vanleg ballen i nettet - og stillinga er 3-3.

Like før pause er Simen Fjørtoft frampå igjen, og i kamp med Dale sin keeper tek han ned ballen like innanfor 16-meteren. Keeper tek eit godt tak rundt kroppen på Fjørtoft med begge armane, og riv regelrett VH-spissen overende. Dommaren vinkar spelet vidare, noko som var uforståeleg for dei aller fleste på tribuna. Dalekeeperen var nok heldig som unngjekk kort i den situasjonen. Heimelaget får likevel frispark litt lengre ute på bana, og Magnus Garden bankar ein knallhard markkrypar i nettmaskene bak ein forfjamsa sisteskanse hos gjestane. Dermed kan heimelaget gå til pause med leiing 4-3.

Etter pause vert det snart tydeleg at heimelaget er klart betre enn dei blåkledde gjestane. Magnus Garden bankar først eit frispark frå 20 meter i krysset så målet dirra. Minuttar seinare skyt same mann frispark frå 30 meter, og keeper får med naud og neppe boksa ballen unna nede ved stolperota.

Kvarteret ut i omgangen får heimelaget endeleg utteljing for sjansane sine. Magnus Garden spelar Sigve Rørstad  elegant gjennom, og VH-backen er sikker åleine med Dale-keeperen. Dermed står det 5-3 til heimelaget.

Så får Dale to mann utvist på kort tid. Begge spelarane hadde gult kort frå før, og når ikkje ein advarsel hjelper må dommaren dra opp det raude kortet. Gjestane må dermed halda fram med ni mann. Dette hjelper sjølvsagt lite, sidan dei hadde problemer nok som det var med fullt lag.

Stemninga på bunkersen stig også utover i omgangen. Sjølv om heimelaget har forholdsvis få supporterar på denne kampen, klarer dei som er der å skapa god stemning. Dei tilreisande frå Dale er kanskje i fleirtal på ei regntung tribune, men gjev knapt lyd frå seg om ein ser vekk frå dei første ti minuttane av kampen. Her har dei mykje å læra frå folket på bunkersen.

Magnus Garden viser seg fram igjen, og VH sin superspiss bankar inn 6-3 frå 20 meter. Dale har gått i oppløysing, og slit voldsomt mot overmakta med sine ni mann. Kristoffer Bognøy snappar ballen på høgrekanten, og spring frå alle som prøver seg før han er rimeleg frekk med Dale-keeperen. Bognøy chippar ballen elegant i nettet like over hovudet til burvaktaren - som vert ståande hjelpelaus att. Ei scoring som varmar eit Valestrandsk fotballhjarte - og det står 7-3.

Dale vert fullstendig overkjørte no, og innbyttar Thomas Røskeland får æra av å banka inn sluttresultatet på Furubakken. Kristoffer Bognøy spelar ballen inn til Røskeland, og VH-veteranen gjer sitt andre mål på to kampar.

Dermed fekk VHFK revansje for det forsmedelege poengranet i sluttminuttane av vårkampen på Dale. Der snudde Dalespiss Tysnes kampen omtrent åleine etter at VH hadde alle poenga langt nede i lomma. Denne gongen hadde verken Dale eller Tysnes noko å stilla opp med.

Sjølv om VHFK ikkje har sjanse på opprykk var det viktig med denne overbevisande sigeren. Med to kampar igjen er det no viktig å fortsetta den gode trenden og få ein god avslutning på denne sesongen.