Dobbel Thomassen

FOSSEMYRA/MELAND: A-laget sin treningskamp mot 3. divisjonslaget Radøy/Manger laurdag enda uavgjort. Øyvind Thomassen (bildet) var tilbake i scoringsform, og stod bak begge scoringane for Valestrand Hjellvik.

Opprykkshelten frå 2010 banka to ballar i Radøy-nettet, og kampen enda 2-2 mot det nyopprykka 3. divisjonslaget. Thomassen si andre scoring kom på straffe.

Nok ein gong går A-laget av bana utan tap mot 3. divisjonsmotstand i år. No er det berre neste helgs heimekamp mot Hovding igjen av treningskampar før det vert cupstemning mot Austevoll nokre dagar før seriestarten.