Drømmemål i debuten

VESTLANDSHALLEN/ÅSANE: Nykommar Sigve Rørstad kom innpå etter pausen i kampen mot Fyllingsdalen i går, og brukte berre få minuttar på å banka ballen i nettet. Måten han gjorde det på var åleine verd turen til Åsane i går, og tenner full fyr i opprykkshåpet på Valestrand. Sjå høgdepunkt frå kampen her...

VIDEO: Sjå høgdepunkt frå kampen her

Etter pause i kampen mot Fyllingsdalen kom dei to sunnmøringane Simen Fjørtoft og Sigve Rørstad innpå, og begge nykommarane markerte seg raskt i VH-drakta. Rørstad gjekk rett på sak, og viste supporterane glimt av kva dei har i vente utover i sesongen. Måten han gjorde 2-1 på sende små jordskjelv av varme inn i vinterfrosne fotballhjerter frå Valestrand, og er med på å gjera ventetida kortare fram mot seriestarten. 23-åringen frå Sjøholt på Sunnmøre kjem nok til å få jubelbruset fram på Furubakken utover i sesongen.

Simen Fjørtoft hadde også ein stor sjanse åleine med keeper, utan at det gav utteljing denne gongen. Men publikum fekk sjå glimt av storhet også hos denne karen, og dei to sunnmøringane sitt inntog i stallen til Tennebø og Viegas kjem nok til å styrka opprykkssjansane for Furubakkenlaget.