Feia over Fedje

FURUBAKKEN: VHFK 2 leika seg med gjestane frå Fedje i den siste kampen før ferien, og vann til slutt 7-0 mot laget frå øya i havet. Feiande flotte scoringar og spel som varma om kapp med solstrålane fekk smilet fram hjå Furubakkenpublikummet.

KAMPFAKTA 7. DIV. AVD. 2



VHFK 2 - Fedje  7-0 (1-0)
Furubakken
Publikum: ca 50
Dommar: Michael Szajnfeld, SK Brann
Mål:
1-0 Magnus Opheim/Magnus Bru Reigstad (11)
2-0 Magnus Opheim (61)
3-0 Daniel Johansen (63)
4-0 Eivind Martin Elvik (69)
5-0 Magnus Opheim (73)
6-0 Frank Hansen (80)
7-0 Aleksander Lenning (83)

Det vart berre ei nettkjenning for heimelaget før pause, etter eit nydeleg hjørnespark frå Magnus Bru Reigstad som Magnus Opheim ekspederte vidare i nettmaskene omtrent frå målstreken. Ballen hadde uansett gått direkte i mål, så spørsmålet er om ikkje Bru Reistad skal krediterast scoringa.
Heimelaget hadde god kontroll på gjestane frå Fedje, og bakerst stod Jonas Zahl og plukka dei få forsøka som kom frå blåtrøyene.

Det var berre eit tidsspørsmål før lufta skulle gå ut or Fedje-ballongen, og då timen vart passert var det brått slutt for dei blå frå øya i vest. Tre scoringar på åtte minuttar, og kampen var avgjort. I tillegg fekk Fedje-kapteinen sitt andre gule kort, og måtte ta ein tidleg dusj.

Dei siste 20 minuttane vart det katten sin leik med musa, og sigeren kunne vore mykje større. Fleire gonger stod 3-4 VH-spelarar i kø for å banka ballen i målet bak Helge Stokholm i Fedjeburet.

No er det ferie for eit VHFK 2 som har gått gjennom vårsesongen utan poengtap. Dei har eit snitt på like under 7 scoringar pr kamp, og ser ut til å ha svært god kontroll på motstandarane før haustsesongen. Trenar Henrik Nygaard var smilande og blid etter kampen, og innrømmer at situasjonen ser lovande ut.

-Vi har slått så godt som alle lagene i divisjonen, og det ser veldig lyst ut. Men det er fleire vanskelege kampar utover hausten som også skal vinnast, og det er ikkje langt ned til Gulen og Masfjord, sa suksesstrenaren til vhfk.no etter kampen.

Andre kampar i kveld:

Bjørgvin - Stil 2-1
Flaktveit 2 - Gulen 2-8

Spelt i går: Gulen - Masfjord 5-1

GLAD TRENAR: Trenar Henrik Nygaard hadde drakta klar under treningsjakka i tilfelle det trongst.


UTKLASSING IGJEN: Aleksander Lenning jublar for 7-0 saman med Erlend Mosevoll og Magnus Opheim.


OPPMANN I GOD KOK: Emil Hosøy er framleis skada, og tok på seg den viktige oppmannsjobben til dagens kamp.