FERDIG TAK

FURUBAKKEN: Taket på supportertribuna er ferdig - i god tid før seriekampen mot NBK som startar kl. 15.00. Dersom A-laget viser same innsatsvilje i kampen som dugnadsgjengen har vist dei siste dagane, har ikkje raudtrøyene frå Knarvik sjanse på poeng.

Klokka 12 laurdag var taket på supporterane si ståtribune ferdigbygd, og dermed kan Eivind Martin Elvik og medhjelparane hans slå seg på brystet over ein kjempeinnsats det står stor respekt av. Dei er eit godt bevis på at innsatsvilje betyr enormt mykje dersom ein vil få ting til.

DETTE KLARER ME: Eivind Martin Elvik og Ole Karsten Solberg ventar på dei siste takplatene.


SNART FERDIGE: Siste takplate vert lagt på plass og supporterane kan stå tørt i framtida.


PLASS TIL MANGE: Ferdig bunkers med nytt tak sett frå fotballbana.


GODT JOBBA: Heile dugnadsgjengen samla oppå sitt nye byggverk.