Furubakkens Venner

FURUBAKKEN: Heile onsdagen jobba ein liten dugnadsgjeng for å gjera tribunesida fin til seriestarten. Det var ikkje så mange som tok turen til Furubakken for å hjelpa til, men dei som kom hadde det moro.

Frå kl 13.00 var det full aktivitet på tribune og bunkers, og sidan det få dugnadsfolk vart det ein lang dag på dei som kom. Klokka var over 21 då arbeidet vart avslutta. Men dugnadsgjengen storkoste seg i vårsola på Furubakken. Frå bunkersen og bortover mot klubbhuset vart det rydda langs kantane, medan det oppå bunkersen vart klargjort for cupkamp.

Tribunesetene hadde store behov for ei skikkeleg overhaling, og fekk så hatten passa både med såpe og høgtrykksvask. Sjølve tribuna skal også spylast ferdig påskeaftan.

Enkelte tribuneseter har vore herja med i løpet av vinteren, og bør skiftast ut. Nokre er også utsette for hærverk og tagging og vert vanskelege å reingjera. Dei som har skrive namnet sitt på setene kan faktisk få skura dei reine sjølve - som passande straff. Det er berre å melda seg klar til jobb.

Etter planen skal bunkersen gjennomgå eit større og omfattande ansiktsløft før seriestarten, og vart i første omgang berre klargjort og rydda til cupkampen mot Austevoll andre påskedag. Allerede tysdag vert det full jobb med å få bunkersen klar til den første seriekampen - mot NBK neste laurdag.

Dugnadsgjengen på onsdag hadde også gode matøkter i VTV si brakke - med kaffi, heimelaga bollar og deilige varme hot-dogs. Der vart det også prata litt om A-laget og deira sjansar til eit eventuelt opprykk i den kommande 4. divisjonssesongen. Denne gongen var diskusjonen heilt ufarleg, og fri for at noko vart vedteke.

Det vert altså sannsynlegvis ein liten ekstradugnad påskeaftan, slik at Furubakken si tribuneside skal vera klar til både cupkvalifisering og seriestart neste veke.