GARDEN BLIR

Stjernespiss Magnus Garden blir i Valestrand Hjellvik ut den kommande sesongen. Det er den gledelege meldinga til alle VHFK-supporterar nokre dagar ut i det nye året.

Superspissen som kom til Valestrand i fjor sommar, er den einaste av fjorårets spelarar som har vore usikker framfor den kommande sesongen. No i kveld kjem den gledelega meldinga om at også han held fram i den svartkvite drakta, og Furubakkenpublikummet kan dermed sjå fram til mang ei herleg stund i 2012.

Formann Ove Håland er i ekstase, og svarer dette på vårt spørsmål om kor lang kontrakt Garden har fått: -Vi snakkar alltid ett år om gongen med slike stjerner.

Vi kjem snart med meir stoff om sesongoppkjøring og nyhende kring A-laget.