Klart for 9-fjellstur

Det vert 9-fjellstur i år og. Dei to siste åra har fjellturen vore fast innslag i Osterøyfestivalen, men i år vart ikkje festivalen arrangert. Dermed var det mange som var bekymra for at dette positive innslaget og skulle verta avlyst. No er det altså klart for fjelltura som burde passa dei fleste. Det er lagt opp til tre ulike turar.

Velkommen til fjells!
På tross av at Osterøyfestivalen i sin kjente positur ikkje vert arrangert i år, vil ein likavel få mulighet til å delta på den 3.utgåven av 9-fjellsturen.
Etter mange nok hint har ein komme fram til at fjelltur må det bli i år også. Denne gongen er den lagt til lørdag 8.september. Og trasè og tider er som følger:


9- fjellstur
Start: kl 1000
Trasé: Hånipa - Erstadfjellet - Perafjellet - Hallandskletten- Burkelandsfjellet - Horsåsfjellet- Dalsnipa - Iseggane - Eikelandsfjellet

...
6- fjellstur
Start: kl 1000
Trasé: Hånipa - Erstadfjellet - Perafjellet - Hallandskletten- Burkelandsfjellet - Horsåsfjellet

3- fjellstur
Start. kl 1100
Trasé: Dalsnipa - Iseggane - Eikelandsfjellet

START OG MÅL ER VED BALLBINGEN PÅ VALESTRAND!
Påmeldingsavgift:
kr. 100,- pr. person
kr. 200,- pr. familie
Påmelding via e-post til ove@eiendomvest.no eller sms til 93241511
Påmelding på dagen og utdeling av startnummer skjer i frå kl. 08.00 lørdag 8.september.

Total lengde på 9-fjellsturen er ca. 26 km
Total stigning på 9-fjellsturen er ca. 1450 meter