KLART FOR CUPKAMP

FURUBAKKEN: Andre påskedag kl. 16.00 startar tidenes første cupkamp på Furubakken. Valestrandsmanna mot Villsauane frå Austevoll er ein historisk kamp du MÅ få med deg. Kle deg i klubbfargar og kom til Furubakken Fort.

Austevoll enda desidert sist i fjorårets 2. divisjon, og måtte i likhet med Valestrand Hjellvik ta den tunge vegen ned eitt hakk. Dei to klubbane har i fleire år hatt same opp- og nedturar, og har ganske nøyaktig ein divisjon mellom seg.

Denne kampen er ein unik mulighet til å få sjå nyetrenar Tennebø og spelarane hans i skikkeleg aksjon før seriestarten neste laurdag. Samtidig treng laget støtte frå eit fullt Furubakken i denne kampen, så det er berre å komma seg til bana i god tid før innmarsjen startar.