Knust av Lysekloster

Serieledar Lysekloster knuste Valestrand Hjellvik 4-1 i gårsdagens kamp. Det vart aldri spennande på Framobana. Til pause stod det 2-0 til heimelaget og i 2. omgang auka dei til 3-0 før VHFK starta ein aldri så liten sluttspurt. Sigve Rørstad reduserte til 1-3 på lekkert vis etter å ha ført ballen omtrent over heile bana. Som vanleg fekk VH eit mål imot på overtid.

VHFK mangla fleire spelarar til denne kampen. Magnus Garden (utlån), Simen Fjørtoft (utlån), Alexander Lenning (på flyttefot til Sogndal), Øyvind Thomassen (Karantene), Kalle Fiskå (feber), Robert Eikeland (ferie), Magnus Opheim (trapper ned), Alberto Kogano (?), Øystein Skorve(?), Simon Hauge (?), Thomas Røskeland(?). Frank Hansen som har spelt dei to første haustkampane var heller ikkje med i 14 manns troppen. 
Dermed var det duka for Nilson Viegas (bildet)frå start på høyrebacken. Det var ein del supportera som sperra augene opp når dei oppdaga at trenaren skulle starta kampen med Jonas Hauge og Pål Tufta på benken. 
I mål stod ein heilt ny keeper som vart klar denne veka. Bowitz viste seg som ein solid sisteskanse med fleire gode redningar og kan ikkje lastast for baklengsmåla. 
Nilson Viegas viste på høyrebacken at han ikkje har 4. divisjonsnivået inne og bytta seg sjølv ut midtvegs i 2. omgang. I tillegg vart Stig Hopsdal bytta ut og med Pål Tufta og Jonas Hauge på bana vakna bortelaget til ein fin sluttspurt, men slaget var dessverre allereide tapt.
Simen Kallekleiv gjorde ein manns jobb i forsvaret og Sigve Rørstad testa skuddfoten fleire gonger utover i kampen og fekk ein herlig scoring i VH sin beste periode av kampen.
No er det 13 poeng opp til Lysekloster på toppen av tabellen. Dermed er kampen om direkte opprykk over for i år. Det er enda muligheter til å ta kvalikplassen, men då må Brann 3 og Lyngbø gå på nokre smellar.


Lysekloster - Valestrand Hjellvik
Framo Idrettsplass kl. 1400