Magnus Matchvinnar

VESTLANDSHALLEN/ÅSANE: Valestrand Hjellvik starta sesongen med å slå 3. divisjonslaget Fyllingsdalen 2 i Vestlandshallen laurdag kveld. Nokre minuttar før slutt kom matchvinnarscoringa frå ungguten Magnus Bru Reigstad, som sørga for at VHFK vann 4-3.

VIDEO: Sjå høgdepunkt frå kampen her

 Valestrand Hjellvik - FK Fyllingsdalen 4-3

Vestlandshallen, Åsane
0-1
1-1 Magnus Garden
2-1 Sigve Rørstad
3-1  Alexander Lenning
3-2
3-3
4-3 Magnus Bru Reigstad

Fyllingsdalen sitt 3. divisjonsmannskap er ungt, men framstår som svært ballsikre og raske. Dette laget vert nok ingen kasteball i 3. divisjon, men kan kanskje trenga litt meir tyngde og erfaring for å kjempa på øvre halvdel av tabellen.

Det var gultrøyene som scora først i denne kampen, på ein fin lobb over keeper Skorve midtvegs i første omgang. Kampen var jamn, og i omgangens siste speleminutt utlikna Magnus Garden. Kaptein Fiskå bryt eit FKF-angrep heilt nede ved eigen dødlinje, og sender ballen framove til Tom Sivertsen. Han finn Garden med eit nydeleg framspel, og åleine med keeper gjer Garden ingen feil.

Etter pause kjem dei to sunnmøringane Rørstad og Fjørtoft inn for Thomassen og Frøland. Sigve Rørstad står bak eit høgdepunkt i kampen då han fører sin nye klubb opp i 2-1 på utsøkt vis.

Alexander Lenning og Magnus Garden samarbeider fint før førstnemnde kranglar seg forbi ein liggjande keeper, og legg på til 3-1 for VH.

Fyllingsdalen er likevel aldri borte frå kampen, og scorer to fine mål før ungguten Magnus Bru Reigstad bankar seiersmålet i nettet via stolperota. Magnus Opheim står bak eit solid forarbeid, og leverer ballen ut i feltet til sin navnebror.

Sesongen er endeleg i gong, sjølv om det endå er ei stund til serien startar.