Målfest for VHFK 2

FURUBAKKEN: VHFK 2 kjørte over stakkars Lindås frå start til mål, og putta heile 13 ballar i nettet før dommaren blåste av kampen. Mest effektive var heimelaget i starten av kampen, då dei banka inn fem mål på 15 minuttar.

KAMPFAKTA 7. DIVISJON AVD. 2

VHFK 2 - Lindås  13-0 (6-0)
Furubakken
Dommar: Øystein Johnsen, Baune

Mål:
 1-0 Eivind Martin Elvik (9)
 2-0 Aleksander Lenning (12)
 3-0 Henrik Horsås (14)
 4-0 Emil Hosøy (19)
 5-0 Sjølvmål (24)
 6-0 Lenning (30)
 7-0 Magnus Bru Reigstad (47)
 8-0 Thomas Røskeland (50)
 9-0 Bru Reigstad (65)
10-0 Lenning (66)
11-0 Lenning (str. 77)
12-0 Daniel Johansen (str. 83)
13-0 Lenning (89)


Det gjekk ikkje mange minuttane før klasseforskjellen viste seg tydeleg ute på bana, og før halvtimen var passert stod det 6-0 til heimelaget. Dei fem første måla kom i løpet av 15 minuttar, noko som er bra effektivt.

Emil Hosøy og Alberto Kogano herja på kvar sin kant, og sørga for fleire målfarlege innlegg.

Aleksander Lenning scora fem mål i kveldens kamp, og var stadig farleg mot Lindåsforsvaret. Den siste scoringa var ei perle av frekkaste Lenning-merke, og sette eit verdig punktum for ein flott fotballkveld på Furubakken.

No er B-laget verkeleg i siget med full pott etter tre kampar. Neste helg kjem den første verkelege eldprøva, då turen går til Eivindvik og toppkamp mot serieleiar Gulen - som står med fem strake sigrar.

BRU-JUBEL: Magnus Bru Reigstad jublar etter eit av sine to perlemål på Furubakken.


FARLEGE TEKNIKARAR: Aleksander Lenning og Alberto Kogano herja med Lindås-forsvaret.


LENNING-JUBEL: Aleksander Lenning scora fem, og jublar her etter 11-0 frå 11-meteren.


TAKK FOR KAMPEN: Suksesstrenar Nygaard takkar fint for kampen, medan Tore Daltveit og Magnus Bru Reigstad tuslar fornøgde til garderoben.