Målkalas for VHFK 2

VHFK 2 spelte sin andre kamp for sesongen denne helga borte mot Flaktveit 2. Etter den fine heimesigeren mot Masfjord i serieopninga var det forventningar om tre poeng i forkant av første bortekamp. Seks ballar putta Valestrandsgutane i Flaktveit-nettet før dei var ferdige.

KAMPFAKTA 7. DIVISJON AVD. 2

Flaktveit 2 - Valestrand Hjellvik 2  1-6
Flaktveit Stadion
Dommar: Frode Bjørnstad, Ny-Krohnborg

Mål:
0-1 Aleksander Lenning
1-1
1-2 Henrik Horsås
1-3 Jonas Hauge
1-4 Hauge
1-5 Horsås
1-6 Øyvind Thomassen


VHFK 2 har dermed fått ein god start på sesongen med full pott på to kampar. Neste kamp er heime mot Lindås andre pinsedag, før laget reiser til Eivindvik og toppkamp mot den suverene serieleiaren Gulen den 3. juni.