Møter Nymark torsdag

A-laget reiser til Nymark torsdag kveld for å spela sin fjerde treningskamp denne sesongen. Kampen startar kl 19.30, og det vert spennande å sjå om nye fjes gjer seg bemerka.

Nymark rykka opp til 4. divisjon i fjor, og har allerede bite godt frå seg mot ein av våre seriemotstandarar denne sesongen. For to veker sidan møtte dei Sandviken borte, og dei nyopprykka frå Nymark yppa seg før pause med leiing 1-3.
Sandviken kom tilbake i andre omgang, og vann til slutt 4-3.

Det vi såg på mandagens Furubakkentrening, var positivt. Pasningane begynner å sitta, og ballen går fort. Trenarane var også svært fornøyde etter treningsøkta.

No har du altså sjansen til å sjå heltane i kamp. Møt opp på Nymark kl 19.30 og få med deg kampen.