Møter Radøy/Manger

Trenarduoen Tennebø og Viegas tek med seg A-laget til treningskamp mot Radøy/Manger laurdag. Kampen skal gå på Fossemyra, og kampstart er 14.00.

Ein siger, ein uavgjort og to tap er fasiten frå årets treningskampar hittil. Det starta bra med ein knepen siger mot 3. divisjonslaget til Fyllingsdalen i Vestlandshallen, og fortsette med uavgjort borte mot Sotra. Etter det har det blitt to tap mot 4. divisjonsmotstand for Furubakkens heltar, og siste kampen mot Nymark vart mållaus for dei svart/kvite.

Laurdag er det 3. divisjonsmotstand igjen, og kanskje ein ny siger for VHFK?