Møter Sotra i dag

A-laget til Valestrand Hjellvik møter 3. divisjonslaget Sotra i sin andre treningskamp for sesongen. Kampen går på Straume i dag kl 15.00.

Sist desse laga møttest, stod det om viktige overlevingspoeng i fjorårets nedrykksstrid. Den gongen gjekk blåtrøyene frå Sotra til slutt sigrande ut av duellen, sjølv om Magnus Garden (bildet) sørga for nettsus for Valestrandslaget.

No er ikkje kampen fullt så livsviktig, men det er likevel alltid litt nerve i kampane mellom desse to laga. Vi håpar mange av VH sine supporterar tek turen til Straume Næringspark laurdag for å sjå laget  til Thomas og Nilson i aksjon.