Ny folkefest?

FURUBAKKEN: Laurdag kjem opprykksfavoritt Lysekloster med sin superstall til Furubakken for å henta tre poeng. VHFK har hatt ein litt lurvete seriestart, og treng drahjelp frå eit entusiastisk publikum for å komma på vinnarsporet att.

Trenarduoen Tennebø/Viegas har fleire viktige menn ute til denne kampen, og må kanskje tenka litt nytt før oppgjeret med dei soleklare opprykksfavorittane frå Lysekloster. Midtbanekrigar Tom Sivertsen vart utvist mot Telavåg og må stå over kampen, medan Sigve Rørstad er bortreist. Sannsynlegvis er også både Simen Kallekleiv og Pål Tufta uaktuelle til laurdagens kamp. Begge to er på veg tilbake etter skade, men det er nok for tidleg å tråkka til allerede no.

Lysekloster ser ut til å vera på skinner att etter arbeidsuhellet mot Lyngbø i serieopninga, og fjorårets suverene 5. divisjonsvinnarar stiller med ein solid tropp på Furubakken laurdag.