OPPRYKK

FURUBAKKEN: VHFK 2 slo allerede opprykksklare Gulen med kalassifra 7-1, og sikra seg dermed opprykk til 6. divisjon for første gong i klubben si historie. Laget overtok også tabelltoppen og er no i førarsetet i kampen om KM-spel.

KAMPFAKTA 7. div

VHFK 2 - Gulen 7-1 (1-1)
Furubakken
Ca 100 tilskuarar
Dommar: Henning Åsheim, Hovding
Mål:
1-0 Magnus Opheim (30)
1-1 Trond Sleire (31)
2-1 Simon Hauge (48)
3-1 Daniel Johansen (str. 50)
4-1 Jonas Hauge (58)
5-1 Pål Kjetil Tufta (60)
6-1 Jonas Hauge (75)
7-1 Henrik Horsås (86)

Heimelaget gjekk rett i strupen på serieleiaren, og før ti minuttar var passert small ballen i stolpane tre gonger bak keeper Nils Inge Ynnesdal i Gulen-buret. Men scoring vart det ikkje før klokka passerte halvtimen. Då kunne Magnus Opheim endeleg jubla for scoring og 1-0.

Gjestane kvitterte med det same, og utlikna på ein noko merkeleg situasjon. Keeper Robert Eikeland såg ut til å vera litt disorientert på det overraskande skuddet frå Gulens Trond Steine, og nådde ikkje fram i tide til å avverga scoring. Dette resultatet stod omgangen ut.

Etter pausen var det nesten berre eitt lag på bana, og Simon Hauge banka inn 2-1 på vakkert vis via stolpen berre tre minuttar ut i omgangen. To minuttar seinare vart Jonas Hauge felt på veg gjennom Gulen-forsvaret, og dommaren peika på straffemerket. Daniel Johansen var bombesikker frå 11-meteren, og det stod 3-1 til heimelaget.

Jonas Hauge utnytta eit svakt utspel frå Gulenkeeperen og banka ballen i mål etter ein snau time. Berre minuttet seinare kastar same Jonas inn til Pål Tufta som stussar ballen elegant over keeper Ynnesdal frå spiss vinkel. Dermed står det 5-1 til eit heimelag som no overkjører gjestane.

Kvarteret før slutt bankar Jonas Hauge sin andre ball i nettet og legg på til 6-1. Midtbaneslitaren Henrik Horsås fekk æra av å pirka den siste ballen i Gulen-nota fem minuttar før full tid, og VHFK 2 kan jubla for opprykk og tabelltopp tre rundar før slutt.

Ein fantastisk sesong har endeleg ført B-laget opp i 6. divisjon, og så vil tida visa om dei klarer å halda på tabelltoppen til siste slutt. Då vert det KM-spel som bonus i haust.