Opprykksfinale i dag

FURUBAKKEN: I dag kan du vera vitne til eit historisk øyeblikk på Furubakken. VHFK 2 spelar om opprykk til 6. divisjon, og møter serieleiar Gulen kl 16.00. Kom og hjelp laget til seier og opprykk...

B-laget sin suksesstrenar Henrik Nygaard kan i dag gjera det ingen før har klart. Han kan verta den første trenaren som klarer å ta dette laget opp ein divisjon. I tillegg spelar laget om å kvalifisera seg til KM-spel, og då må Gulen slåast på Furubakken i dag.
Laget treng di støtte, så det er berre til å leggja ettermiddagsturen til Furubakken.