Øyvind Tysse er tilbake

VALESTRAND: Superspissen som herja på Furubakken i 2009 og 2010 er endeleg tilbake. I dag skreiv Øyvind Tysse under overgangspapira som gjer han til VHFK-spelar neste sesong.

Øyvind Tysse spelte seg raskt inn i mangt eit supporterhjarte på Furubakken då han kom til Valestrand Hjellvik i 2009. Ingen gløymer vel hans sigersscoring i sluttminuttane mot Rosendal, med påfølgjande hemningslaus feiring. Dei to siste sesongane har kraftspissen vore sårt sakna på Furubakken, og gleda blant supporterar og bygdefolk ellers er stor når han no endeleg er tilbake i VH-drakta.

Nytilsett A-trenar Rayner Nygård har med denne signeringa fått på plass ei solid forsterking til neste års spelarstall. Klubbformann Ove Håland er også svært fornøyd med dagens signering, og går no smilande og blid omkring på Valestrand. -Øyvind Tysse er ein spelar folk kjenner godt frå før, han er godt likt i laget, bygda og blant supporterane. Det er svært gledeleg for klubben å få ein slik mann på plass allerede no, seier Håland i ein kommentar i kveld.

. -