Sauen er klar til kamp

FURUBAKKEN: Valestrand Hjellvik sin nye maskot er endeleg klar til kamp, og debuterer på Furubakken under kveldens kamp mot Gneist. Ver tidleg ute og sjå sauen varma opp saman med laget. Sjå video her


Kveldens kamp mot Gneist startar kl. 19.00, og sauen er med frå før 18.30. Det vert med andre ord mykje moro både for store og små på Furubakken i kveld. Møt opp og bli venn med heile Valestrands nye maskot frå første kamp.

Sauen vår har endå ikkje fått noko passande namn, og supporterklubben har no sett opp ein premie til den som kjem med eit namn maskoten vil bruka. Det må vera eit enkelt, velklingande namn som er lett å huska for alle.

Forslag kan sendast på SMS til 95076362.
Husk å få med ditt namn også, slik at premien kjem til rette person.