Sauen treng navn

Denne sauen er på veg til Furubakken for å bli Valestrand Hjellvik sin nye maskot. Men kva skal sauen heita? Kom med ditt navneforslag til heile Valestrand si nye kjæledegge.

MASKOT TIL FURUBAKKEN: 
Sauen som skal verta Valestrand Hjellvik sin nye maskot, er på veg til Furubakken.I England har alle fotballklubbar sin eigen maskot som lagar liv på heimekampane. Også i Norge har dette blitt meir og meir vanleg, og fleire av toppklubbane har no skaffa seg ein slik.

Valestrand Hjellvik er ein klubb som likar å skape liv på sine heimekampar, og vil no la denne sauen få sjansen som Furubakken-maskot framover. Klubben treng DI hjelp til å finne eit passande navn på sin nye maskot, og vi håper folk er kreative i påska - og tenkje ut eit godt forslag til sauenavn.

Du kan senda navneforslaget ditt på sms til tlf 95 07 63 62