Seier for VHFK 2

FURUBAKKEN/VALESTRAND: Anført av ein scoringskåt og aggressiv Jonas Hauge fekk VHFK 2 ein knallstart på sesongen med tre poeng heime mot Masfjord. Hauge scora sjølv to mål, og i tillegg førte eitt av hans lange innkast til sigersmålet i sluttminuttane.

Jonas Hauge var stadig på farten i angrepet til VHFK 2 i serieopninga mot Masfjord, og gjestane hadde store problemer med å stoppa den målhungrige VH-angriparen. Først ordna han 1-0 for heimelaget. Så utlikna han til 2-2 etter at Masfjord hadde snudd heimelaget si leiing.

Til slutt var han sterkt delaktig i matchvinnarscoringa ved å først pressa fram eit innkast nede ved cornerflagget - og så raskt kasta ballen inn på fem-meteren der den vart ekspedert i nettet på meisterleg vis.

VHFK 2 fekk med dette ein god start på årets sesong, og har eit sterkare lag enn på svært lenge. Henrik Horsås briljerer på midtbana og verkar uforskamma lett og ledig. Fleire andre leverer også mykje bra. Laget kjempar godt og viser vinnarvilje i første kamp - og det er uansett det viktigaste. Det vert spennande å følgja dette laget framover. Kanskje dei endeleg kan vera med og kjempa i toppen?