Seieren rauk på overtid

Valestrand Hjellvik tapte nok ein gong viktige poeng på overtid. I kveldens kamp mot NBK gjekk VHFK til pause med ein komfortabel 2-0 ledelse. Heimelaget hadde tre store muligheter i 1. omgang og ledelsen til VH var nok litt heldig. I andre omgang gjekk det ikkje mange minuttane før NBK reduserte og fleire minutt på overtid kjempa dei inn utligningsmålet etter dødball. Dermed gjentok historia frå vårsesongen seg nok ein gong med tapte poeng heilt på tampen av kampen.

Tom Sivertsen var Valestrand sin store spelar i denne kampen. Han jobba og sleit i 90 minutt og vart belønna med ein lekker scoring frå langt hold. I tillegg hadde han ein susar i stolpen i 2. omgang. Dessverre pådrog han seg sesongens 3. gule kort og må stå over mot Telavåg.

VHFK spelte ein av dei svakaste kampane sine sålangt i sesongen. Det viste tydleg at laget ikkje er samspelt og laget mangler ein tydelig plan på både forsvar og angrepsspel.  Vi får håpe trenarduoen klarer å få dette på plass så snart som mulig. I tillegg må overtidspøkelset begravast ein gong for alle. Når vi leder kamper mot slutten er det viktig å unngå dødballer imot. Det har felt  oss i fleire kamper nå. På lørdag kommer Telavåg på besøk til Furubakken. Då får vi håpe det er eit revansjesugent VH-lag som brettar opp armane og blør for drakta. 


NBK - Valestrand Hjellvik (LIVE)
Kampstart: 8. august kl. 1900
Sted: Knarvik Stadion