Seks strake for VH 2

VHFK 2 herjar vidare i 7. divisjon, og ligg no åleine på tabelltoppen etter runden no i helga. Bylaget Marken FK vart for lette i går, og dei svarte og kvite drog heim til Valestrand med 7-2 og tre nye poeng.

KAMPFAKTA 7. DIV. AVD. 2

Marken - VHFK2  2-7 (1-4)
Myrdal Kunstgress
Dommar: Hogne Ulla, Varegg
Mål:
1-0 Daniel Severson (4)
1-1 Magnus Opheim (6)
1-2  Magnus Opheim (12)
1-3 Eivind Martin Elvik (15)
1-4 Daniel Johansen (18)
1-5 Daniel Johansen (65)
2-5 Vegard Vatne Nilsen (66)
2-6 Daniel Johansen (67)
2-7 Jonas Hauge (str. 90)

-Årsverste fra oss hittil og mye rotete spill, sa ein mellomfornøyd VH2-trenar Henrik Nygaard midtvegs i første omgang under gårsdagens kamp mot Marken. Då leia laget hans likevel komfortabelt 4-1 mot heimelaget på Myrdal-kunstgraset, og hadde dermed sikra seg bra kontroll på poenga.

 Etter scoringsraset det første kvarteret, vart det ikkje fleire mål i første omgang.
Ved pause tikka følgjande melding inn på Marken si twitter-oppdatering:

Marken er fullstendig på høyde med Valestrand i første, men stillingen lyger litt. Vi reiser oss i andre. Forza Marken!!

Kvarteret ut i andre omgang opna ketchupflaska seg på ny, og det hagla inn tre mål på like mange minuttar. Eitt til heimelaget og to til VHFK. Deretter var det berre Jonas Hauge som sørga for nettsus med sitt straffespark i siste speleminutt. Ved kampslutt kom det ein ny twitter-rapport frå Marken:

Vi taper en jevn kamp 2-7. Vi tar sommerferie med mye uforløst potensiale og ser frem mot en høstsesong med marginene på vår side.

Med dette resultatet er VHFK 2 åleine på tabelltoppen med seks strake sigrar. Masfjord, som er ein av våre sterkaste opprykksutfordrarar, var uheldige og gjekk på eit surt poengtap borte mot Fedje. Masfjord skal ha fått eit mål feilaktig annullert mot slutten, og i tillegg meinte dei at Fedje si andre scoring burde ha vore underkjent pga hands.

Masfjord møter Gulen til utsett kamp på fredag, medan Gulen må ut i nok ein kamp to dagar seinare - denne gong mot Flaktveit 2. Same dag kjem Fedje på besøk til Furubakken, i det som vert vårsesongens siste kamp for B-laget.

B-stallen til VHFK denne sesongen er tidenes sterkaste, og i tillegg får nokre av benkeslitarane på A-laget verdifull kamptrening i 7. divisjon. B-laget har også meir enn dobla treningsmengda i forhold til tidlegare sesongar, og har hittil denne sesongen til tider herja med motstandarane. Suksesstrenar Nygaard ser ut til å ta det heile med knusande ro, og tenkjer alltid berre på neste kamp - og ikkje særleg lenger.

Neste motstandar er Fedje på Furubakken førstkommande søndag. Då vert det spennande å sjå om B-laget kan ta ferie utan poengtap...