Semifinale mot Sleipner

Valestrand Hjellvik 2 møter Sleipner søndag 28. oktober kl. 1700 på Furubakken Stadion. Dette er semifinale i kampen om kretsmesterskapet i 7. divisjon. Møt opp og hjelp B-laget til finale i KM.

SEMIFINALE KM - 7.Divisjon
VHFK 2 - Sleipner
Søndag 28.10 kl. 1700 - Furubakken Stadion

Før kampen:
Sleipner: Vant 7. divisjon avd. 1 med solid margin. Laget vant dei 17 første kampane sine, men gjekk på ein smell i siste serierunde mot opprykkskollega Bergenskameratene. Sleipner hadde ein målforskjel på fantastiske 95-26 og stoppa på 51 poeng.

Valestrand Hjellvik 2: Vant 7. divisjon avd. 2 knepent foran Gulen. 
B-laget har imponert i årets sesong og laget har banka inn mål etter mål. Magnus Opheim har virkelig åpna målkontoen etter at han takka for seg på A-laget og troner øverst på toppscorarlista saman med spisskollega Daniel Johannesen som har ei fortid i Hovding. 
Emil Hosøy har hatt ein svært god sesong og har diska opp med den eine lekre scoringen etter den andre. Det kan virka som om langskudda hans har ein egen evne til å duppa ned bak keeper og i nettet.
VHFK 2 har en imponerande målforskjel! 89 - 15 på 16 kampar fortel sitt.
Kun ein gong har laget gått av bana med tap i år.

Vinnaren av morgendagens kamp går til finale i KM der dei møter vinnaren av den andre semifinalen mellom Nymark 2 og NHH 3

SEMIFINALE KM - 7.Divisjon
VHFK 2 - Sleipner