Sjå Bru åpna målkontoen

LYNGBØPARKEN/BERGEN: Her kan du sjå eit lite samandrag frå bortekampen mot Lyngbø, der ungguten Magnus Bru Reigstad scora sitt første seriemål for klubben. Det var også første kamp med null baklengs.


VIDEO: Sjå høgdepunkt frå kampen her

Robert Eikeland var endeleg tilbake mellom stengene frå start for A-laget, men det vart eit kortvarig comeback for Vardølingen. Midtvegs i andre omgang måtte han kasta inn handkledet, og det viste seg seinare at han hadde fått brot i handa. Han er dermed ute i fleire veker.

Stig Hopsdal banka inn første målet for Valestrand Hjellvik mot Lyngbø på utsøkt vis då han knuste ballen i vinkelen midtvegs i første omgang.

Etter pausen var det vertane som overtok banespelet og presset, utan å skapa altfor mange store sjansar. Likevel var det gjestane som scora då Magnus Bru Reigstad fekk ballen levert på sølvfat frå Kristoffer Bognøy, og sette den lekkert i nettet på overtid.