Sjå scoringane her

FURUBAKKEN/VALESTRAND: Det var rimeleg glissent på Furubakkentribuna då kampen mot Lysekloster starta laurdag. Kanskje var ikkje eit nyopprykka motstandarlag så interessant for fotballfolket på Valestrand? Her kan du sjå scoringar og høgdepunkt frå kampen.


VIDEO: Sjå høgdepunkt frå kampen her

KAMPFAKTA

Valestrand Hjellvik - Lysekloster 2-3 (2-1)
Furubakken
0-1 Thomas Sandal (13)
1-1 Kristoffer Bognøy (23)
2-1 Stig Hopsdal (33)
2-2 Thomas Sandal (49)
2-3 Thomas Sandal (90+2)

Lysekloster var heldige som stakk av med alle poenga etter eit forholdsvis jamnt oppgjer utan alt for mange målsjansar. I sluttsekunda trilla ballen gjestane sin veg, og Valestrand Hjellvik fekk dermed sitt andre strake tap.

Allerede tysdag får Tennebø og Viegas sine elevar sjansen til å klatra på tabellen. Då møter dei Lyngbø i Lyngbøparken.