Slitesiger i snøkamp

FURUBAKKEN: VHFK 2 kjempa seg til KM-finale i tett snødriv på Furubakken i kveld. Etter ein halsbrekkande andreomgang på sleipt underlag kunne heimelaget sleppa jubelen laus framfor eit fornøgd publikum på bunkersen. VHFK 2 møter NHH 3 i finalen den 4. november.

KAMPFAKTA SEMIFINALE KM

VHFK 2 - Sleipner  2-1 (2-1)
Furubakken
Ca 20 tilsk.
Mål:
1-0 Magnus Opheim (20)
1-1 (35)
2-1 Daniel Johansen (40)


Magnus Opheim scora kampens første mål etter ca 20 minuttar. Etter å ha snurra rundt med eit par Sleipnerforsvararar sette han ballen elegant i nettet og 1-0 til heimelaget. Første omgang var forholdsvis jamn, men heimelaget var litt oftare frampå med dei farlege sjansane før pause. Likevel fekk Sleipner utlikna etter 35 minuttar. Få minuttar seinare var Opheim frampå med eit fint forarbeid, og Daniel Johansen kunne banka inn 2-1 for heimelaget. Begge målscorarane er dermed oppe i 18 mål denne sesongen.

I den andre semifinalen vann NHH 3 3-2 over Nymark 2 i noko som vert omtala som "ein parodi av ein fotballkamp" i snøstormen. Dermed vert det finale mellom VHFK 2 og NHH 3 neste søndag.

Magnus Opheim er åleine gjennom mot slutten av kampen, men ballen gjekk like utanfor i tett snødriv på Furubakken.


Glade spelarar på veg mot bunkersen for å feira sigeren...


...med eit skikkeleg felles magaplask i Furubakken-snøen.


Spelarane takkar publikum for kampen.