Stallen er klar

Årets A-stall på Furubakken er klar - og stor. Heile 27 spelarar har trenarduoen Tennebø/Viegas funne plass til før seriestarten, og det er ei god blanding som kjem frå heile vårt langstrakte land - og endå litt til.

Sjå heile A-stallen HER

To av spelarane i årets Valestrand Hjellvik-stall er utlendingar. Alberto Kogano har landskampar for Estland, medan Lowell Brooks kjem frå Liberia på Afrikas vestkyst.
Dei resterande 25 spelarane kjem frå så og sei heile Norge. Aleksander Lenning og Mats Solberg representerer Nord-Norge og Troms fylke. Are Bryhn er Moldensar, og han har no fått to samfylkingar på laget. Sunnmøringane Sigve Rørstad og Simen Fjørtoft kom begge frå Baune i vinter, og aukar Møre og Romsdal sin Furubakken-andel til tre spelarar.

Magnus Garden er frå Horten, og vert einsam austlending i VH-stallen. Rogalandsfylket stiller derimot mannsterke på Furubakken med sine fire spelarar. Kalle Fiskå, Morten Frøland og Trygve Nilsen er Stavangergutar, medan Tom Sivertsen kjem frå Haugesund.

Dei 15 siste kjem frå Hordaland. Tre Bergensarar, to Vossingar, ein Odding og 9 Valestrandsgutar gjer årets A-stall komplett.

Når A-laget til Valestrand Hjellvik trenar, svirrar det ei fantastisk blanding av dialektar og språk i lufta over Furubakkengraset. Trenar Viegas er frå Portugal, og når han vert engasjert kjem beskjedane både på norsk og engelsk.