Styrer mot opprykk

FURUBAKKEN: VHFK 2 har stø kurs mot opprykk til 6. divisjon, og etter gårsdagens braksiger borte mot Lindås treng laget no berre eitt fattig poeng for å nå opprykksmålet. Med fire kampar att å spele, ser det unekteleg lyst ut for trenar Henrik Nygaard og hans menn.

Kampfakta 7. divisjon:

Lindås - VHFK 2
  0-5 (0-2)

Lindås Idrettspark
Dommar: Espen T. Johannessen, Bergen Nord FK
Mål:
0-1 Jonas Hauge
0-2 Thomas Røskeland
0-3 Emil Hosøy
0-4 Jonas Hauge
0-5 Daniel Johansen

VHFK sitt B-lag har til tider herja vilt med motstandarane i årets 7. divisjonsavdeling, og treng no berre eitt poeng på sine fire resterande kampar for å sikra opprykk til 6. divisjon. Serieleiar Gulen sikra seg opprykket allerede denne helga ved å slå opprykksrival Masfjord 5-2. Førstkommande søndag vert Furubakken Fort pynta til opprykksfinale når serieleiarane tek turen frå nabofylket i nord.

Gulen ligg to poeng framfor VHFK 2 på tabellen, og Furubakkenlaget bør difor ha full pott i denne kampen for å sikra seg retten til spel om KM-tittelen. Fotballpublikummet på Valestrand bør ikkje gå glipp av denne godbiten, og kan altså få meir å gleda seg til utover hausten.

Merk deg tidspunktet no:


søndag 30. sept. kl. 16.00 

VHFK 2 - Gulen