Superjenter

FURUBAKKEN: Valestrand Hjellvik sitt Jenter 13-lag har lagt bak seg ein fantastisk vårsesong med sju strake sigrar. I kveld vart Arna-Bjørnar banka 8-2, og jentene kan ta ein velfortent ferie.

Ikkje nok med at VH-jentene har feia til side all motstand, men i tillegg består laget i 13-årsklassen av nesten berre 12-åringar. I kveldens Furubakkenkamp mot raudtrøyene frå Arna stilte heimelaget berre med to 99-modellar medan resten var året yngre. Motstandarane derimot kom med eit reint 99-lag.

Trenar Ove Håland klarer ikkje heilt å skjula at han er svært stolt av prestasjonen til jentene sine, og han er no litt usikker på kva som skjer til hausten.  -Kretsen har ikkje heilt bestemt seg for om det vert opprykk på jentene våre før haustsesongen. Det har med fleire ting å gjera - mellom anna geografi, sa Håland til vhfk.no i kveld.

Uansett er det heilt klart at trenar Håland her har ein talentfull gjeng på gang, og det kan verta spennande å fylgja med dei utover hausten.

PAUSEPRAT: Jentene leiar 3-0 over Arna-Bjørnar til pause, og trenar Ove Håland nyttar høvet til litt taktikk-prat.